Øivind Benestad frå stiftelsen MorFarBarn.no kjem til Spjelkavik bedehus onsdag 17. september.
Han vil då halde foredrag om temaer som pride, likekjønna ekteskap og kjønnsideologi i samfunn og kyrkje, og ikkje minst i skulen. Temaet er «Kjønn, barn og Bibel i dagens Pride-kultur». Møtet startar kl. 19.00 i hovudsalen og varer om lag to timar, berre delt av ein kaffipause.
Studentprest
Benestad er utdanna teolog og har tidlegare jobba 20 år som studentprest, og også som ansatt i organisasjonen Åpne Dører. Han har vorte kjend som ein engasjert samfunnsdebattant rundt saker om verdispørsmål med temaer som likekjønna ekteskap, radikal kjønnsideologi, skeiv teori og barneperspektivet.
MorFarBarn
I 20025 starta han stiftelsen MorFarBarn. Dei driv eit omfattande informasjonsarbeid rundt desse temaene, og hvordan dei påvirkar samfunnet og i særleg grad barna og barnebarna våre.
Vi som arrangerer denne temakvelden, håper at folk med ulike livssyn som ønskjer å få meir innsikt i og kunnskap om desse temaene, vil komme denne kvelden. Vi håper også at folk som er heilt ueinige med arrangørane, vil komme for å høyre korleis vi grunngjer meiningane og overtydingane våre, og kvifor vi er engasjerte i desse temaene. Svaret er kanskje ikkje er at vi «mislikar» folk med andre meiningar?
Vi ser fram til ein spennande og lærerik kveld i lag med Øivind Benestad.

